Search

Ståle Anker Ljøen tilsett som ny dagleg leiar i Hole Maskiner AS

Frå 1. januar 2022 tiltredde Ståle Anker Ljøen som ny dagleg leiar i Hole Maskiner AS. Tidlegare dagleg leiar Norman Hole gjekk dermed av frå og med same dato og tiltok i stilling som prosjektansvarleg.


Lang erfaring frå økonomistyring

Ståle Anker Ljøen byrja i Hole Maskiner AS i september 2021 som økonomisjef. Før dette har han arbeidd i 7 år som økonomisjef i Stranda kommune, og 5 år som controller i havbruksselskapet Lerøy Hydrotech AS. Han er utdanna siviløkonom ved Norges Handelshøyskole, og kjem opprinneleg frå Averøya. No gler han seg til nye utfordringar.


Dette vert ei spanande utfordring, som eg gler meg til å ta fatt på. I ein alder av 50 har eg mykje erfaring, men enno meir å lære.

No har Ståle fått ein varm velkomst hjå oss, og vi gler oss til ei ny og spennande tid for Hole Maskiner med Ståle i førarsetet.