Hole Maskiner AS er ein leiande maskinentreprenør på Sunnmøre med base i Velledalen i Sykkylven kommune. Gjennom over 70 år har vi dreve med anleggsarbeid rundt om på Sunnmøre, og vi har heilt frå starten levert på kvalitet og service. 

 

KVEN ER VI?

Vi tilbyr komplette løysinger for grunnarbeid for privat- og bedriftsmarkedet. I tillegg tek vi på oss større oppdrag for stat og kommune. Ikkje noko oppdrag er for stort eller for lite. Har du ein idè? Ta kontakt, så finn vi ei løysing saman.  

KVA GJER VI?

Vi er ei godkjent lærebedrift for anleggsfag og yrkessjåførfag. Vi ønsker å fremme anleggsfaget, og tek kvart år inn lærlingar som fullfører læretida si hjå oss. Dette ender gjerne i godkjent fagprøve, og kanskje fast jobb dersom ein har gjort ein god jobb som lærling.

LÆREBEDRIFT

 
Image by Sean Stratton

VERDIAR

Verdiane våre er viktige for oss, for dei gjev oss eit grunnlag for bedriftskulturen vår og skal fungere som eit kompass i våre vegval. Difor har vi utarbeidd tre kjerneverdiar som vi rettar vår drift mot: 

respekt - ansvar - innovasjon

Vi skal ha respekt ovanfor våre ansatte, kunder, leverandører og samfunnet rundt oss. Dette skal vi ha ved å sikre eit trygt arbeidsmiljø, levere på kvalitet til kundar, ha eit godt forhold til leverandører og verne om rolla vi har som bedrift i eit lokalsamfunn.

Vi skal vere ansvarlege i vår drift. Dette tyder at vi skal følge dei lovar og reglar som til ein kvar tid gjeld, vi skal stå inne for arbeidet vi utfører og ta vare på miljø og samfunn rundt oss.

Vi skal vere ein pådrivar for innovative og smarte løysingar. Vi ser utfordringar heller enn problem, og skal satse på nyvinningar og ny teknologi for å utføre arbeidet effektivt og med kvalitet. 

BEREKRAFT

Innfelt i vår strategi ligg eit løfte om å ta vare på menneske og natur rundt oss. Vi er fast bestemt på å nytte dei løysingane som er best for miljøet, og vi jobbar kvar dag for å minske vårt fotavtrykk.

Vi har spesielt fokus på energieffektivitet, gjenbruk, minimering av kjemikaliebruk og berekraftig materialbruk. 

 

Eksempel på tiltak er gjenbruk av ressursar og material frå byggeplassar, reduksjon av tomgangskøyring og innkjøp av el-bilar.

Vi har oppnådd ISO 14001-sertifikat. Dette sertifikatet tyder at vi har beste praksis for proaktiv styring av bedriftas innverknad på ytre miljø. 

Image by Noah Buscher

Vår historie

I 1947 kjøpte Olav P. Hole ein lastebil som han skulle nytte til små og store fraktoppdrag. Omtrent samstundes kjøpte broren Paul Hole seg ein traktor. Denne nytte han til å reise rundt på gardane i bygda og hjelpe til med gardsarbeid. I 1955 bestemte Olav og Paul seg å slå seg saman til O. & P. Hole, for å kunne utvide drifta og kjøpe inn fleire maskiner.  Dei to brørne var driftige og oppfinnsame, og tydde heilt frå starten til lure løysingar og innovative arbeidsmåtar for å utføre arbeidet raskare og betre enn før. I tillegg utvida dei stadig drifta til nye områder, og kjøpte i 1959 Noregs første møbelbuss. Dette var god forretning i møbelbygda Sykkylven. 
 
I 1983 vart selskapet eit aksjeselskap, og Hole Maskiner AS vart til. Transportdelen av verksemda vart lagt ned, og ein satsa meir på asfaltlegging og veganlegg.  Hole Maskiner fekk stadig større oppdrag, og var føregangsbedrift i bruk av datamaskiner og ny teknologi til timeregistrering og fakturering. 

I 1998 tok Norman Hole over som dagleg leiar, og har hatt denne stillinga sidan. I 2000 flytta Hole Maskiner inn i nytt kontorbygg og verkstad i Velledalen, kor vi enda er lokalisert i dag. Med rundt 30 ansatte, fordelt på ingeniørar, anleggsarbeiderar, gravemaskinsjåførar og lastebilsjåførar er det den største anleggsbedrifta i Sykkylven. 

Eit kjenneteikn frå starten av har vore fokuset på ny teknologi. Saman med Insoft AS har vi utvikla ein mobilapplikasjon for timeregistrering, og dette har vore eit godt hjelpemiddel for å kunne arbeide effektivt og sikre god dokumentasjon. I tillegg var vi tidleg ute med bruk av GPS i gravemaskinene. Dette gjer at vi i tillegg til presist gravearbeid også har kontroll på materialflyt i prosjekta. I 2020 utvida vi drifta med dotterselskapet Hole GeoScanning AS. Dette er banebrytande teknologi som scannar grunnen og gir samtidsbilete av det som befinn seg under bakken.


Hole Maskiner AS har vore på ei lang reise, og vi vil fortsette å utvikle oss, kvar dag. 

Bla gjerne i biletearkivet under for eit tilbakeblikk til starten av O. & P. Hole.