top of page

VÅRE TENESTER

Privatmarked

Vi har lang erfaring med ulike typer oppdrag for privatkundar. Vi legg vekt på tett samarbeid med kunden, slik at du får det akkurat slik du vil ha det. Ved å bruke 3D-simulering kan ein sjå korleis resultatet blir før ein startar, og ein unngår uønska overraskingar underveis. 

 

Vi tilbyr blant anna grunnarbeid til hus- og hyttetomter, komplett uteareal og hageanlegg, oppbygning av natursteinsmur og geomur, drenering, asfaltering, vann- og avløpsanlegg og levering av grus/pukk.

I tillegg har vi ein sveiseverkstad som tek på seg små og store oppdrag.

Bedriftsmarked

Treng du løysingar for utarbeiding av tomt til næringsareal er det oss du må kontakte. Vi har lang og brei erfaring frå grunnarbeid til industri- og næringsområder, og vi tek på oss heile jobben frå prosjektering til ferdig tomt. 

 

Vi tilbyr blant anna komplett prosjekteringsarbeid, sprenging, asfaltering, veg, vann- og avløpsanlegg, strøm- og fibergrøft og grøntanlegg. Vi er fleksible og løysingsorienterte, så ta kontakt om du har eit prosjekt du treng ei løysing på.

Kommune og stat

Vi er komplett leverandør frå prosjektering til ferdig levert grunnarbeid, og har jobba på mange store prosjekt på Nordvestlandet. Vi har kompetanse til å løyse krevjande prosjekt, og har gode samarbeidspartnarar som gjer oss i stand til å takle dei fleste utfordringar. Ved hjelp av samhandlingskontrakter skapar vi god dialog med oppdragsgivar, og saman skapar vi gode løysingar.

Vi har 5-års kontakt på vinterdrift på alle fylkesvegar frå Aursneset i Sykkylven til Røyrtunellen på Stranda.

I tillegg utfører vi komprimeringskontroll med tilhøyrande dokumentasjon,

og vi kan utføre scanning av grunnområde for kartlegging av rør og kabler ved hjelp av vår nyinnkjøpte GeoScanner.

bottom of page