top of page
Search

Bygger ny rundkøyring i Sykkylven

Møre og Romsdal fylkeskommune og Hole Maskiner AS signerte torsdag 31. mars kontrakt på ny rundkøyring i krysset mellom fv. 60 og Dalevegen i Sykkylven.

Foto: Eivind Finnes / Møre og Romsdal fylkeskommune


I tillegg til rundkøyring vil det kome på plass ei rekkje tiltak for å forbetre trafikktryggleiken i området. Blant anna skal veglysa i området utbetrast. Både i Dalevegen og nord og aust for rundkøyringa blir det LED-armatur. Påkøyringsfarlege lysmaster blir bytta til master som bøyer av og ikkje skadar trafikantane ved ei påkøyring.


Tryggare skuleveg

Som ein del av prosjektet skal kryssinga av Dalevegen ved Aure skule også bli tryggare. Sikta blir betre ved at fotgjengarovergangen blir flytta litt og får betre lys. I løpet av året blir det også laga fartshumpar som skal få bilistane til å senke farta.


Gang- og sykkelvegane i området er skulevegen for mange elevar i grunnskulen og vidaregåande skule. Det vil bli lagt til rette for at dei skal vere trygge også under bygginga, med blant anna skulebesøk kor ein skal informere borna om arbeidet.


Lite hindring for trafikken

Det er høg trafikk på fv. 60 gjennom Sykkylven. Det er automatisk trafikkteljing på Hjellegjerde og i Aure sentrum. Dei viser at det i gjennomsnitt køyrer 3600 køyretøy i døgnet på fv. 60 ved Hjellegjerde og 5700 køyretøy i døgnet på fv. 60 i Aure sentrum.


- Kontrakta legg opp til at bygginga skal hindre trafikken minst mogleg. Men når vi bygger ei rundkøyring på ein veg med høg trafikk, vil det gå treigare forbi og i periodar kan det bli nokre hindringar. Så i byggeperioden bør trafikantane legge inn nokre minutt ekstra i køyretid, spesielt om dei skal rekke ferja, seier byggeleiar Kristian Bjørdal i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Ferdig sommaren 2023

Prosjektet er lyst ut som ein totalentreprise, som vil seie at Hole Maskiner har ansvaret både for den tekniske planlegginga og gjennomføringsplanane. Prosjektet skal stå ferdig til sommaren 2023.


Kontrakta har ein verdi på 16,7 millionar, som er lågare enn kostnadsoverslaget på 19,2 millionar.





bottom of page