top of page
Search

Vi startar opp Hole GeoScanning

Hole GeoScanning er eit nyoppstarta selskap som skal tilby tjenester innan 3D-scanning av grunnareal. Scanneren Stream C frå Leica gir sanntidsbilete av rør, kablar og anna som befinn seg i grunnen.

Ny og banebrytande teknologi

Etter å ha kjøpt inn geoscanneren Stream C frå Leica vil vi no kunne tilby unike tenester innan scanning av grunnareal. Hole Maskiner AS er einaste selskapet på Nordvestlandet som tilbyr geoscanning. Geoscanning er banebrytande teknologi og gjev stor tryggleik til prosjekterings- og gravearbeid, då ein unngår uønska overraskingar i grunnen. Med denne scanneren veit vi om kvart eit rør, kabel eller anna som befinn seg i grunnen før vi startar arbeidet. På denne måten sparar vi tid og kostnadar, og kunden får tryggleik og forutsigbarheit.


Lurer du på om du eller di bedrift kan ha bruk for denne teknologien?

Ta kontakt for ein uforpliktande prat ved å sende oss ein e-post på

post@hole-maskiner.no eller gjennom kontaktinfo nederst på nettsida.

bottom of page