Vi er i vekst, og treng difor nye, dyktige medarbeidarar til fleire ulike stillingar. Vi søkjer no etter veg/anleggsarbeidar, lastebilsjåfør/anleggsarbeidar og gravemaskinsjåfør.
Vi har kundar rundt om på heile Sunnmøre, og jobbar med mange ulike og spennande prosjekt. Vi satsar på bruk av ny teknologi, og er leiande innan blant anna bruk av GPS for maskinstyring og prosjekteringsarbeid. Vi har brøytekontrakt frå Aursnes i Sykkylven til Hellesylt på Stranda (Fylkesveg 60), med tilstøytande vegar, så brøyteskift må påreknast for lastebilsjåførar.
Ønska kvalifikasjonar
Dersom du søkjer på lastebilsjåfør/anleggsarbeidar må du ha lastebilsertifikat (CE) og gyldig YSK, samt erfaring frå anleggsarbeid og tippkøyring. Det er også ynskjeleg med erfaring for dei som søkjer gravemaskinsjåfør eller anleggsarbeidar, men for den rette kandidaten kan vi tilby fagbrev. Vi ønskjer i tillegg at du er sjølvstendig og løysningsorientert, samt har gode samarbeidsevner.
Vi tilbyr
Godt arbeidsmiljø i eit ungt og ekspansivt miljø
Unik moglegheit til å utvikle deg
Ordna arbeidsforhold
Gode forsikringsavtalar
Konkurransedyktig løn- og arbeidsbetingelsar
Fleksible arbeidsmoglegheiter
Mobiltelefon
Ser dette interessant ut? Søk i dag!
Vi vurderer kandidatar fortløpande, og oppfordrar alle til å søke.
Tilsetting snarast.
Legg ved CV, søknad på maks ei side og relevante dokument samla i ei PDF-fil til norman@hole-maskiner.no.
Comments