top of page
Search

Oppgradering av verneverdige Flåbrua i Geiranger

Møre og Romsdal Fylkeskommune og Hole Maskiner AS har signert avtale om oppgradering av Flåbrua i Geiranger. Oppdraget omfattar forsterking og utskiftning av bruplate på den gamle steinkvelvsbrua Flåbrua. Avtalen har ein verdi på ca 10 millionar eks mva.

Møre og Romsdal fylkeskommune skal oppgradere dei fire eldste bruene i Geiranger for å tåle dagens trafikk. Den første brua ut er Flåbrua. Brua er freda og kulturminneforvaltninga i fylkeskommunen har gitt dispensasjon for å utføre forsterkninga.


140 år gammal bru

Flåbrua er ei 7,4 meter lang steinkvelsbru frå 1880. Den vart utvida i 1959, og har vore i bruk frå den vart bygd. Brua vart bygd før bilen kom til Noreg, og er ei viktig del av veghistoria.


Brua skal stå ferdig til turistsesongen 2022. Under arbeidet vil det bli satt opp ei midlertidig bru med eitt køyrefelt, og det vil vere lysregulering i samband med dette.


Comments


bottom of page