top of page
Search

Hole Maskiner vel miljøvenlege arbeidsbilar

Hole Maskiner har gått til innkjøp av 5 nye arbeidsbilar til bedrifta. Dette er el-bilar av merket Toyota Proace Electric, og er eit viktig tilskudd i arbeidet vårt om å redusere utslepp.



Innkjøp av el-bilar

Ein viktig del av vår strategi er å begrense skade på natur og miljø. I samband med at bedrifta er i vekst, trengte vi nye bilar. Frå før hadde vi ein Nissan e-NV200, men vi trengte bilar med enda større batterikapasitet og rekkevidde. Etter ei tids leiting falt valet tilslutt på Toyota Proace Electric. Vi har no prøvekøyrt dei ei stund, og vi har vorte godt fornøgd med bilane. Det gler oss at det stadig kjem nye og meir miljøvenlege løysingar, også på bedriftsmarknaden..


Takk til Brages Bilforretning for handelen

Tusen takk til forhandlaren vår Brages Bilforretning for eit godt samarbeid med desse bilane. Dokke ser dei snart på vegane i velkjent, raud prakt.

Comments


bottom of page