Search

Storkontrakt på sentrumsskule i Sykkylven

Hole Maskiner er i gang med grunnarbeidet på den nye sentrumsskulen i Sykkylven. Kontrakta har ein verdi på nærare 30 millionar, og er dermed den største avtalen Hole Maskiner nokon gong har inngått.



Aasen & Øvrelid AS er totalentreprenør når den nye sentrumsskulen i Sykkylven skal byggast på Bakkeøyane nær Sykkylven sentrum. Dei valde Hole Maskiner som totalunderentreprenør, med vektleggelse på kvaliteten på leveransen Hole Maskiner kan gje til ein god pris. Dagleg leiar i Hole Maskiner, Ståle Anker Ljøen, er svært fornøgd med kontrakta.

Vi er glade for å kunne bistå på eit så omfattande prosjekt, og med erfaringa vi har frå grunnarbeidet på Rørstamarka skule og idrettshall har vi ein særegen kompetanse vi vil dra stor nytte av i dette prosjektet.

Leveransen på sentrumsskulen består av eit komplett uteområde og grunnarbeid, og vil med det inkludere mellom anna prosjektering av vegar, VA-anlegg og opparbeidelse av uteområde med leikeapperat.


Arbeidet med tomta vart starta i januar 2022, og skal vere ferdigstilt august 2023.